logo

Kaffebar

kaffebarDa eg var 5 år gammal fekk eg min fyrste kaffekopp hjå bestefaren min på Sel. Sidan har eg drukke og vore interessert i denne eksotiske drikken.

For to år sidan (2013) vart ein draum realisert da eg opna min eigen kaffebar med alle mine kaffefavorittar i den yngste seterstuggu på Kalven.

Eg har investert i ei knakande god kaffemaskin som hjelper meg å lage utsøkte kaffedrikkar som Caffe Latte, Cortado, Macchiato, Cappuccino,
Espresso, Caffe Mocca, kaffe med fløyte og svart kaffe i mange variantar.

Kaffen kjøper eg hjå Solberg og Hansen i Oslo som er eit av landets beste kaffebrenneri. Solberg og Hansen har eit godt samarbeid med gardane som produserar kaffebønnene. Kvar ei bønne kan sporast opp. For meg er det viktig at alle ingrediensane eg bruker er sporbare, ferske og gode.

All maten du får servert på Kalven er heimelaga, og eg vil gjera mitt ytterste for å bruke mest mogleg av lokale råvarer. Som biteti vil du få servert nydelege rømmevafler, feittbrød og avletter.

I tillegg til kaffe, serverer eg kakao (med eller utan krem), iskaffe, saft, te, iste, iskrem og sjokolade.

Kakaopulveret eg brukar er frå Michel Cluizel som er ein av verdas fremste ekspertar på kakaobønner. Eg sel og sjokolade frå Michel Cluizel. Alle Michel Cluizel sine sjokolader er garantert med kva Cluizel kallar "noble ingrediensar".

Eg håper at du tek turen innom kaffebaren for å kose deg med god mat og drikke. Velkomen innom! Helsing Baristabudeia, Anne-Mari Sandvær

poskekaffe

 

Min fyrste kaffekopp
Eg kjenner enda smaken av min fyrste kaffekopp
da eg var lita jente drakk eg ein heil ein opp
Det smakte sterkt og beskt og rart, men spanande det var
med mykje mjølk og atten sukkerbitar til som eg fekk av bestefar

Det var modig og vakse å drikke kaffe da
og sidan har det vorte godt og noko eg berre "må ha!"

Eg kjenner enda smaken av min fyrste kaffekopp
gode minne frå ei fager tid
da eg var heldig å vekse opp
Med ein bestefar med kaffekopp og 18 sukker søte
mykje godt å bite ti og mykje god fløyte

Kaffe, kaffe com baya
Smaken av lykke vi alle vil ha!