logo

Om Kalven Seter

utsikt



Ved foten av Jotunheimen, i sørenden av Lemonsjøen, like ved rv. 51, Valdresflyvegen i Vågå kommune, ligg Kalven Seter, som er ei gammal seter med 8 hus.

Husa er frå 1800 og 1900-talet. Det eldste frå 1860, det yngste frå 1933. Seteranlegget består seg av to seterhus, ysthus, låve, to fjøs, stall og ein utedo.

Setra høyrer til garden Kviten på Tessand. På Kviten bur Anne-Mari, Øistein, Selma Isabelle og Estin Jason.

Vi kjøpte Kviten med Kalven i 2001. Sidan har vi brukt mykje av tida til å byggje opp husa på garden og restaurere seteranlegget på Kalven.

 

Det har ikkje vore drift på setra sidan midt på 1960-talet. Da vi tok over setra var alle husa falleferdige. Takka vere Norsk Kulturminnefond, Oppland Fylkeskommune og Vågå kommune har vi fått økonomisk støtte til å attendeføre setra til slik ho ein gong var (eg trur faktisk at husa er enda finare no enn før!).
Vi har hatt eksemplarisk god hjelp til byggjearbeidet. Vi vil rette ein stor takk til Tessa Tre og Trehuseksperten som har utført det meste av arbeidet. Bedriftene har ei uvurderleg god kompetanse når det gjeld attendeføring av gamle hus.

Vi er stolte over å kunne syne fram dei fine husa på Kalven. Her ligg det kjærleik og omtanke bak kvart eit spikarslag. Husa har og ei spesiell atmosfære, mon tru om ikkje huldra og andre "ondebuandest" er her og passar ekstra godt på at vi skal kose oss, senke skuldrene, puste djupt inn og kjenne smaken av ektheit og lykke.

I 2013 opna vi setra for publikum. I seterstuggu frå 1933 opna Anne-Mari kaffebar. Her blir det servert nykverna svart kaffe, mjølkebasert baristakaffe og stuttreist tradisjonsmat.
Les meir under "Kaffebar".

Ute på gardsplassen kan du slappe av med ein kaffe i solveggen, kaste hestesko, sjå på dyra, huske, leike i sandkassa, ta deg ei runde å studere dei gamle husa, eller berre vere og nyte nuet.

 

Vi håper du tek turen til fjells og ynskjer deg hjarteleg velkomen til Kalven Seter!

Helsing Anne-Mari, Øistein, Selma Isabelle og Estin Jason