logo

Velkomen til Kalven Seter!

GODT NYTT! Du treng ikkje bake til jul i år! Ta turen til julemarknaden på Kalven Seter, der kan du kjøpe alt du treng av julekaker og fersk bakst til jul! Utstillarane i år byr på alt frå heimelaga kaku (brød), mørlefser, makroner, tjukksnipper, pepparkaker, marsipan, sjokolade, brente mandler og KEBAB! Du kan kombinere kjøp av bakst med å kjøpe julegavene dine her! Her finn du varme og gode strikkaprodukt, vevde tepper, sydde brødposer (ut med plastikken!), gavekort på massasje, gavekort på kaffe og vaflar, gavepakningar med kaffe og te, verdas beste julekaffe og smakfull julete. Kokken Tor sørger i år som i fjor for eine-og aquavitmarinert/røykt aure! Baristabudeia byr på nybrygga kaffe og rømmevaflar i kafeen! I låven diskar Vågå Konsertserie opp med julekonsert med julestemmer LAURDAG 1.12 KLUKKA 13.00! 

 Følg oss på facebook: @kalvenseter

Les om oss i VG: http://www.vg.no/forbruker/reise/reiselivsnyheter/bytter-ut-byen-med-gaardsliv-i-hoestferien/a/23306102/

Ynskjer du å arrangere møte, lag eller andre samenkomstar utanom opningstid, ta kontakt for ein prat, så ser vi kva vi kan få til! Tlf: 976 26 554.

Kalven Seter ligg i sørenden av Lemonsjøen, mellom Lemonsjø Fjellstue og Lemonsjø Alpinsenter.  
Frå Fjellstua kan du gå til Kalven: Kryss rv. 51 på motsatt side av Fjellstua og følg gangvegen til Kalven Seter. Du kan og parkere bilen på parkeringsplassen nedanfor låven på Kalven, eller ved skiheisen.

Les om oss på Hanen: www.hanen.no