logo

Energikamppark

Såg du energikamppen på tv? I fleire år vart det populære tv-programmet spelt inn i Lemonsjøområdet. I etterkant av tv-programmet har vi fått rettane til å byggje opp ein energikammpark der du kan prøve alle apparata heilt gratis! I samarbeid med Frivil på Espa har vi bygd og sett opp fleire mororsame apparat i sommar, fleire kjem til etterkvart! Desse apparata kan du prøve:

Kjempesprettert: Treff ein av 8 blinkar med tennisball!

Vassrakett: Fyll ei flaske med vatn og pump flaska til vers!

Gladiatorkamp: Få med deg ein venn, mor eller far og prøv å vippe dei av pinnen!

I tillegg har vi to trelabyrintar med kule der to eller tre personar lyt samarbeide om å føre kula frå start til mål.