logo

Sommar

Om sommaren er det mykje å finne på for heile familien på Kalven Seter. I tillegg til å boltre seg med energikampapparata våre, kan du kaste hestesko, melkespann, halde melkespann, trekke tau og hoppe i sekk.

I 2015 opna vi Noregs einaste Kaffe- og seterspa! I det gamle ostelageret i seterhuset frå 1860 kan du få massasje medan du ser utover Lemonsjøen gjennom gluggen!

Du kan gå fine fjellturar i området, for eksempel til Trollhø, Gråhø eller Lemonsjøen rundt. Eit steinkast unna finn du Jotunheimen med mellom anna Besseggen, Glittertind og Galdhøpiggen.

Ellers er det veldig mykje anna du kan gjere i området:

Fiske

Ro

Rafte

Padle

Bade

Eller, som veldig mange gløymer i dag:

Berre vera. Nå. LEVE, LUKTE, SMAKE, NYTE, PRATE, SJÅ ANDRE OG SEG SJØLV.