smaken_av_lykke

Velkommen til Kalven seter

Kalven Seter ligg i sørenden av Lemonsjøen, mellom Lemonsjø Fjellstue og Lemonsjø Alpinsenter.
Frå Fjellstua kan du gå til Kalven: Kryss rv. 51 på motsatt side av Fjellstua og følg gangvegen til Kalven Seter. Du kan og parkere bilen på parkeringsplassen nedanfor låven på Kalven, eller ved skiheisen.

Les om oss i VG: Bytter ut byen med gårdsliv i høstferien

Stengt for sesongen. Vi har ope kvar dag i påska frå laurdag 23.mars til og med 1.påskedag.

Velkomen innom!

 

 

 

 

kaffekopp_blaa_streker2

Om Kalven seter

Ved foten av Jotunheimen, i sørenden av Lemonsjøen, like ved rv. 51, Valdresflyvegen i Vågå kommune, ligg Kalven Seter, som er ei gammal seter med 8 hus. Husa er frå 1800 og 1900-talet. Det eldste frå 1860, det yngste frå 1933. Seteranlegget består seg av to seterhus, ysthus, låve, to fjøs, stall og ein utedo. Setra høyrer til garden Kviten på Tessand. På Kviten bur Anne-Mari, Øistein, Selma Isabelle og Estin Jason.

Vi kjøpte Kviten med Kalven i 2001. Sidan har vi brukt mykje av tida til å byggje opp husa på garden og restaurere seteranlegget på Kalven. Det har ikkje vore drift på setra sidan midt på 1960-talet. Da vi tok over setra var alle husa falleferdige. Takka vere Norsk Kulturminnefond, Oppland Fylkeskommune og Vågå kommune har vi fått økonomisk støtte til å attendeføre setra til slik ho ein gong var (eg trur faktisk at husa er enda finare no enn før!). Vi har hatt eksemplarisk god hjelp til byggjearbeidet. Vi vil rette ein stor takk til Tessa Tre og Trehuseksperten som har utført det meste av arbeidet. Bedriftene har ei uvurderleg god kompetanse når det gjeld attendeføring av gamle hus. Vi er stolte over å kunne syne fram dei fine husa på Kalven. Her ligg det kjærleik og omtanke bak kvart eit spikarslag.

Husa har og ei spesiell atmosfære, mon tru om ikkje huldra og andre «ondebuandest» er her og passar ekstra godt på at vi skal kose oss, senke skuldrene, puste djupt inn og kjenne smaken av ektheit og lykke. I 2013 opna vi setra for publikum. I seterstuggu frå 1933 opna Anne-Mari kaffebar. Her blir det servert nykverna svart kaffe, mjølkebasert baristakaffe og stuttreist tradisjonsmat. Ute på gardsplassen kan du slappe av med ein kaffe i solveggen, kaste hestesko, leike deg i Energikampparken, ta deg ei runde å studere dei gamle husa, eller berre vere og nyte nuet.

Vi håper du tek turen til fjells og ynskjer deg hjarteleg velkomen til Kalven Seter!

  • star rating  Must visit! - Very cozy mountain farm with the sweetest host. We were huge fans of the waffles, pancakes with brown cheese, and toast. The coffee was also excellent. Highly recommended!

    avatar thumb Pawpaw97
    september 4, 2022
  • star rating  Vi var her to dager på rad. Meget god service. Nydelig mat og drikke. Vafler og svele, med nydelig kaffe og smoothie.
    Et stort pluss til personalet som kom med... read more

    avatar thumb Bjørn K
    juli 23, 2021
  • star rating  Koffie pauze - Heerlijke cappuccino en wafels! De gastvrouw is erg vriendelijk. De sfeer is fantastisch, klein, gemoedelijk, haartvuurdje knispert in de hoek.

    avatar thumb simonew60
    august 8, 2018
  • star rating  En perfekt kopp kaffe på "s ter" - Like utenfor Lemonsj en er denne fantastiske lille kaffebaren på en gammel "ter". Ikke ofte finner du en stor førsteklasses italiensk kaffemaskin som sentrale møbler i en gammel tømmerhytte på... read more

    avatar thumb espen e
    juli 31, 2018
  • star rating  Koselig café i fjellheimen, fikk servert nydelig kaffe og sprøe gode vafler! Fikk også kjøpt alt fra smoothie, is og øl fra nærområde. Fine aktiviteter ute for barna. Verdt ett... read more

    avatar thumb HannaCatharine
    juli 28, 2018
  • star rating  Her får du god kaffe og deilige vafler med rømme og syltetøy, samtidig som det er mange morsomme aktiviteter for både store og små. Anbefaler et besøk her hos "baristabudeia"... read more

    avatar thumb Kjell J
    september 3, 2016
  • star rating  Her får du god kaffe og deilige vafler med rømme og syltetøy, samtidig som det er mange morsomme aktiviteter for både store og små. Anbefaler et besøk her hos "baristabudeia"... read more

    avatar thumb Kjell Arne Jønd... S
    september 3, 2016
  • star rating  Hyggelig sted med morsomme aktiviteter og skikkelige vafler og ordentlig kaffe. Veldig hyggelig ig imøtekommende betjening! Vel verdt et besøk:)

    avatar thumb Mathilde Berger N
    juli 28, 2016
  • star rating  Drakk kaffe og spiste rømmevafler på Kalven seter rett før stengetid. Veldig gode rømmevafler og generelt et veldig hyggelig sted. Prøvde ut noen av spillene / aktivitetene man kunne prøve... read more

    avatar thumb andrebli
    juli 26, 2016
  • star rating  Nydelig kaffe og kakao, knallgode rømmevafler og hyggelig betjening. En perfekt stopp på turen, vi anbefaler alle å ta turen innom. Vi kommer garantert tilbake!

    avatar thumb tingsomvirker89
    februar 15, 2016
kaffekopp_blaa_streker2

Aktivitetar

Om vinteren går skiløypa rett gjennom tunet på setra. Da kan du skli innom kaffebaren og kose deg med ein god kopp kaffe og ei deilig rømmevaffel framved peisen. Kalven Seter ligg midt i eit løypenett med varierte og alltid flott preparerte skiløyper. Eit steinkast frå setra finn du Lemonsjø Skiheiser med fine alpinbakkar for små og store. Og er du i området MÅ du innom Lemonsjø Fjellstue å kjøpe deg middag! Fyrstesklasses kjøken med god, heimelaga mat. Fjellstua ligg ca 300 meter nord for Kalven Seter.

I påska har vi ope kaffebar og bar kvar dag!

Vi serverar nymale og nybrygga kaffe, kakao, te, solbærtoddy, saft, nysteikte rømmevaflar, toast, sveler, kaker, is, bollar, kaker og lapskaus. Alle rettigheter! Velkomen innom!

Om sommaren kan du leike og boltre deg GRATIS i Energikampparken vår. Les om den nedanfor.

Energikamppark

I samarbeid med Frivil på Espa har vi bygd og sett opp fleire mororsame apparat på setervollen. Desse apparata kan du prøve:

Kjempesprettert: Treff ein av 8 blinkar med tennisball!

Vassrakett: Fyll ei flaske med vatn og pump flaska til vers!

Gladiatorkamp: Få med deg ein venn, mor eller far og prøv å vippe dei av pinnen!

I tillegg har vi to trelabyrintar med kule der to eller tre personar lyt samarbeide om å føre kula frå start til mål.