På grunn av 2-meters-regelen og sjenkestopp ser vi oss nødt til å halde stengt påska 2021. Vi håpar på mindre smitte og betre tider! God påske til alle!
Ynskjer du å arrangere møte, lag eller andre samenkomstar utanom opningstid, ta kontakt for ein prat, så ser vi kva vi kan få til! Tlf: 976 26 554.
Kalven Seter ligg i sørenden av Lemonsjøen, mellom Lemonsjø Fjellstue og Lemonsjø Alpinsenter. Frå Fjellstua kan du gå til Kalven: Kryss rv. 51 på motsatt side av Fjellstua og følg gangvegen til Kalven Seter. Du kan og parkere bilen på parkeringsplassen nedanfor låven på Kalven, eller ved skiheisen.